Bur-fuggel
For at spelarane skal bli gode må dei lære seg konkurransekultur.
I mine yngre dagar dreiv eg med symjing, langrenn, friidrett og sykling.
Nesten kvar helg, sumar som vinter deltok eg i konkurransar på krets, landsdels eller nasjonalt nivå.
På treningane bakka me kvarandre opp, skapte eit godt klubbmiljø og gleda oss til å koma ut og "ta" dei argaste konkurrentane.
Men når ein kjem eit stykke oppi 30-åra er det ikkje like motiverande å pine kroppen kvar dag for å oppnå gode resultat i fysisk krevande idrettar, dermed blir golf eit godt alternativ for den som likar å konkurrere.
Eg er busett på Os, med Bjørnefjorden golfpyseklubb nesten rett utanfor stovedøra. Men som så mange andre golfklubbar har Bjørnefjorden bestemt at nesten alle konkurransane skal være stengde for medlemmar frå andre klubber.
KVIFOR ????
Er golfspelarar så pysete at dei ikkje torer å måla krefter med granneklubbane ?
Eg har vore mykje utomlands på jobb, og spelar turneringar så ofte eg får høve til det. Har aldri opplevd å bli avstengt i utanlandet fordi eg ikkje har vore medlem i den aktuelle klubben (sjøl om eg er klar over at det finst enkelte klubbar der og som er særs eksklusive).
Men heime i golfmetropolen Noreg må eg leite lenge og vel for å finne åpne klubbturneringar, og skammeleg nok fører heimeklubben min same politikken.
Kva verdi er det når eit "konkurransefelt" er samansett av 4 singlehandicapparar, 10-12 middleshandicapparar og ein haug med plen-hakkarar som med 40 tildelte slag alltid stikk av med gjævaste premien ??
Kva har klubbane å tape på sleppe spelarar utanfrå inn i turneringane sine så lenge desse betalar greenfee og turneringsavgift ?