Meland-innskytar
. Me gjer dei bana, me stillar opp som fore caddies, me gjer det yttarste for at dei skal trivast og får skit til takk. Hadde da vore opp til meg ville styret sporenstreks ha sagt frå seg tildelinga av NM i 2009.
Som innskytar vil eg ha bana for meg (oss) sjølv og i kvart fall ikkje øydeleggja ei flott helg på utakksame skittstøvlar.
Dei få som kan spela golf i Norge, kjem jo ikkje. Då ser eg bort ifrå Marius som kom i fjor og Eirik Tage som var her for nokre år sida.
Det finst ikkje meining i å trekkja folk motstriande over fjellet for å spela på ei bane dei veit dei ikkje meistra og som dei sterkt mislika.
Det er berre 20 gode helger i ein golfsesong. Lat oss halda på dei.
Turneringer og meisterskap får komma når dei har lært seg å spela, slik at dei har noko å by fram. I dag er det kun dei overivrige og ofte ufordragelege foreldra deira som er interessert i kva som foregår. Det hadde vore betre om dei fann ei bane i sin eigen nærleik som dei kan briska seg på.
Aller helst ein utan vansker, vatn og sand slik at dei kjem heilt på par . om dei har lukka med seg.
Nei, kom attende med Henrik Bjørnstad, Marius Thorp, Eirk Tage Johansen og Jan Are Larsen då skulle dei vera hjarteleg velkomen.
Freista heller få Solheim-cup til Meland i 2015, slik ein or Solheimane ga bod om. Då sit eg med glede på sidelinja ei helg eller to og berre ser på.