Jens-K
Har den siste tida fått skikkeleg dreis på #3-wooden min, og har derfor blitt litt gira på å ta steget inn i driver-verda... Muleg at dette berre er tull, sidan eg fortsatt har høgt hcp (28) og slår meir enn langt nok med wooden. Men kvifor ikkje, kan jo vere gøy å begynne å prøve seg på rangen, om ikkje anna. Kan folket anbefale ein lettspelt driver? Wooden min er ein Nike SQ (ikkje den firkanta, men modellen før) Kunna det vore lurt å kjøpt ein driver i same serie, med tanke på skaft, flex osv.?